
Vi gratulerer æresmedlem Britt Hertzberg Untiedt med 80-års jubileum!
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon er glad og stolt over å kunne gratulera vårt æresmedlem Britt Untiedt Hertzberg med 80-års dag.
Du fekk ditt æresmedlemskap etter din store innsats som representant i Aarbakkeutvalet – som i 1998 leverte den omfattande NOUen om Alternativ medisin. Dette er eit arbeid og eit dokument som har vore eineståande i Europa, og som kan sjå ut til å vera modell for den svenske utgreiinga som såg dagens lys i år – 2019 – ca. tjue år etterpå.
Når me i ettertid les dette dokumentet, kan ein sjå at du – i det viktige spørsmålet om offentlege fagkrav knyta til Registeret for utøvarar av alternativ behandling – ikkje røysta i lag med fleirtalet. NNH har i ettertid vidareført denne politikken, og driv nå intens arbeid for at det nettopp blir knyta offentlege fagkrav til nemnde register – i tråd med din intensjon og overtyding – og i tråd med din kjepphest: pasienttryggleik. Ved fleire høve – både i bok og artiklar – har du utbrodert kva du legg i dette omgrepet, og samstundes levert kunnskap om det naturmedisinske prinsippet – som burde få ein sentral plass i all førebyggjande helsearbeid. Me er ikkje der endå, men likevel ser ein at mange av våre prinsipp/tilnærmingar og forståingsmodellar snik seg inn i det offentlege helsesystemet. Du er såleis ein av fleire stabeis som aldri har latt seg vippa av pinnen når det gjeld å stå opp for det ein tykkjer er sanning – og som er berekraftig for menneske og jorda framover.
Me veit lite om kva liv du har for tida, men det er vanskeleg å sjå for seg at du er lågmælt og mindre engasjert enn før. Din omsorgsevne og ditt gode humør er det heilt sikkert mange som får nyta godt av.
Med desse orda ynskjer me å utbringa ei skål for jubilanten, og håper at du får mange gode år framover!
Med helsing
John Petter Lindeland
styreleiar i NNH
Relaterte artiklar
Grip sjansen! Grip dagen! [21.09.2009]
NAFKAM, nok et eksempel på maktarroganse? [22.06.2011]
Takk til forfatterne av boken "Ja takk, begge deler!" [NNH 03.10.2013]
Helsekampen – hundre års strid om alternativ medisin [NNH 02.11.2014]
Bokomtale: Historia om einsretting og konformitet[NNH 15.04.2015]
Ta alternativ medisin på alvor! [NNH 15.08.2015]