Er alternativ behandling farleg for born?
Tidlegare i år vart det debatt om kva som kan skje når foreldre vel å prøve alternativ behandling for borna sine. Det store spørsmålet vart: Kan vi stole på at foreldra tek gode helsevalg for borna når dei får alternativ behandling - eller bør born vernast mot slik behandling gjennom strengare regulering?
Denne artikkelen er tidligere publisert i Dagens Medisin 7. desember 2017.
I debatten meinte kritikarar av slik behandling at tryggleiken til borna sto i fare, og at «unødige diagnosar» basert på uklåre symptom kan føre til overdiagnostisering og overbehandling. Det kom mellom anna forslag om å sjå til Sverige, der ein ikkje har lov å gje alternativ behandling til born under åtte år.
Dette vart møtt med ulike argument, frå at slik behandling er «naturleg og ufarleg», til at eit slikt forbod vil rokke ved det generelle ansvaret som foreldre i Noreg har til å avgjere kva som er best for borna deira. Andre meinte at aldersgrense og forbod vil gje eit uheldig inntrykk av at alternativ behandling verkar, og at staten då vil gå god for dette.
Naturleg og trygt?
Eit raskt søk på Internett syner at fleire av dei alternative behandlingane på marknaden vert framstilte som «særlig skånsame for born». Ei undersøking NAFKAM gjorde i fjor, synte at det var fleire som ville ta med seg borna sine til alternativ behandlar, enn som ville gå med eigne helseproblem til slike behandlarar. Dette kan kanskje tyde på at mange meiner at slik behandling er trygg.
Kva veit vi egentlig?
Vi veit at alternativ behandling er populært: I fjor var minst 40.000 born under 12 år hjå alternative behandlarar. Vi veit og at 15 % av norske foreldre ga borna sine kosttilskot eller urtemedisinar for å forebyggje eller kurere helseproblem.
Vidare veit vi at nordmenn sine syn på alternativ behandling til born er delte: om lag 40 % meiner at det ikkje bør vere lov å gi slik behandling til born, medan dei siste 60 % fordeler seg ganske likt mellom å anten vere positive eller nøytrale til det.
Dei norske reglane for den som ynskjer å tilby slik behandling, er mellom dei mest liberale i Europa. I praksis kan kven som helst behandle nesten kva som helst, utan å ha medisinsk kunnskap. Vi veit at i verste høve kan mangel på slik kompetanse føre til at symptom hjå pasienten blir oversett eller tolka feil. Det kan medverke til at pasienten ikkje får nødvendig og verksam behandling fort nok. Då kan helsetilstanden til pasienten bli verre.
Dette veit vi ikkje:
Vi veit ikkje kva helseproblem borna som får slik behandling har, og heller ikkje kva ynskjer og mål foreldra deira har med slik behandling.
Vi veit ikke kva metodar og verkty behandlarane nyttar til å setje diagnose eller kva behandling dei rår til og nyttar på desse borna. Bransjen sine eigne reglar og rutiner ved behandling av born, er verken samla eller granska.
Vi veit ikkje om foreldra går til lege med borna fyrst, eller om dei har dialog med helsepersonell undervegs i den alternative behandlinga. Vi veit ikkje om borna får alternativ behandling i staden for behandling frå helsetenesta, eller om dei får behandling begge stadar samstundes.
Vi har og lite kunnskap om kva den alternative behandlinga fører til hos desse borna: Vert helsa deira bedre eller verre, eller vert ho som før?
Vil sjå nærare på dette
Så langt har vi ved NAFKAM ingen råd til styresmaktene, utover at vi treng meir kunnskap. Born er allereie ei sårbar pasientgruppe. Vi veit at mange av dei får alternativ behandling, men vi har lita eller inga oversikt over kva, kvifor eller korleis.
Truleg er mykje av bruken av alternativ behandling på born allereie taus og tabubelagt. Hvis foreldra sitt høve til å gje born slik behandling vert innskrenka utan at dette er tilstrekkelig basert på fakta, er vi redde at slik behandlingspraksis går enno meir «under radaren». Styresmaktene bør sikre seg meir kunnskap, før dei eventuelt vurderer å innføre ei nedre aldersgrense. Difor har vi no bedd helsepolitikarane våre om å prioritere dette i statsbudsjettet for neste år.
Forfatteren er informasjonssjef ved NAFKAM - Nasjonalt Forskningssenter innen Komplementær og Alternativ Behandling og redaktør for nettsted www.nifab.no. NAFKAM finansieres av Helsedirektoratet og ligger på Helsevitenskapelig Fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet. NAFKAMs oppgave er å utvikle og tilby forskningsbaserte fakta til befolkningen om alternativ behandling, for å styrke kunnskapsgrunnlaget ved egne helsevalg.